Transportsystemet
Våre abonnentar blir forsynt av fem ulike vassverk. På sikt ønsker vi ei sambinding av alle vassverk for å vere best mogleg rusta ved hendingar knytta til vassforsyninga vår.
Høgdebasseng
Høgdebasseng blir brukt for å sikre stabil forsyning ved til dømes brot på vassleidning og straumstans i pumpestasjonar. I tillegg bidreg høgdebassenga til å jamne ut belastninga på leidningsnettet, ved at vatnet renn ut av bassenga når forbruket er størst, og blir fylt opp når forbruket går ned (til dømes om natta).
Pumpestasjonar
Rundt om på leidningsnettet er det plassert pumpestasjonar for at vi skal klare å levere nok vatn med tilstrekkeleg trykk til kundane våre. Alt vatnet som blir levert til abonnentane, har gått gjennom minst ein pumpestasjon.
Leidningsnettet
Leidningsnettet er den viktigaste delen av transportsystemet, og representerer den største investeringa. Til saman har vi ca. 425 km med offentlege vassleidningar. Dei fleste av desse vassleidningane er lagt etter 1975. Leidningsnettet i Øygarden kommune er difor relativt nytt.