ØyVAR AS informerer innbyggjarane digitalt ved hendingar når det er naudsynt. Det kan vere ved stenging av vassforsyning, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.
Det blir brukt tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:
1) Privatpersonar: Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi rår deg til å leggja inn ditt mobiltelefonnummer og din epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen herfra. Oppdater informasjon her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon
2) Bedrifter: Ved varsling av bedrifter blir bedriften som høyrer til adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Einingsregisteret. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereiningar i Brønnøysundregisteret: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/
3) Tilleggsregister: Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønsker å motta varslar for ein bedrift eller for ein adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå https://varslemeg.no/
Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på din adresse i vårt Tilleggsregister. Hugs å endre hvis du flytter. Tilleggsregisteret er konfidensielt og benyttes kun av din kommune.
Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her: https://varslemeg.no Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)
Vårt Tilleggsregister knyttar kontaktpersoner til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS sendes fra kommunen.
Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.