Kva er ein vassmålar, og kven må ha det?
Ein vassmålar er eit lite måleinstrument som blir installert på hovudvassleidningen til huset ditt. Han måler kor mykje vatn som renn gjennom leidningen, og det er dette forbruket du betaler for. Har du ikkje vassmålar, blir vassavgiftene rekna ut basert på bustadens storleik.
Alle nybygg med eige seksjons- eller bruksnummer, som bustader, fritidsbustader og industribygg, må installere vassmålar og betale vassgebyr etter målt forbruk. Andre abonnentar kan òg velje å montere vassmålar om dei ynskjer.
Fordelar med å installere vassmålar
Betal for faktisk forbruk: Har du lågt vassbruk, kan du spare pengar på vassrekninga.
Miljøvennleg val: Ein vassmålar kan inspirere til å redusere vassforbruket, noko som er positivt for både miljøet og fellesskapet.
Full kontroll: Med ein vassmålar får du betre oversikt over forbruket ditt og kan enklare oppdage lekkasjar.
Løner det seg å ha vassmålar for deg?
For mange abonnentar vil ein vassmålar føre til lågare kostnader, spesielt om du har eit lågt forbruk. Til dømes, om du bur aleine eller i eit lite hushald, brukar du sannsynlegvis mindre vatn enn det som er rekna ut i den faste avgifta for bustaden din.
Statistikken viser at fleire og fleire i Øygarden vel å installere vassmålar – ein rekordstor auke blei registrert i 2023.Dette tyder på at fleire ser verdien av å betale for faktisk forbruk.
Slik går du fram for å få vassmålar
Du må sjølv betale for installasjonen av vassmålaren, og han må installerast av ein autorisert røyrleggjar.
Røyrleggar må fylle ut eit skjema for registrering av vassmålar og sende det til ØyVAR så snart som mogleg etter montering eller byte av vassmålar. Det same gjeld ved demontering av vassmålar.
Krav til vassmålar
Vassmålarar som skal nyttast til økonomisk oppgjer i Noreg, må oppfylle krava i Forskrift om krav til vannmålere. Målaren må òg ha ei EU-samsvarserklæring som stadfestar at han er i samsvar med det europeiske måleinstrumentdirektivet. Maksimalt tillate målefeil under bruk er ±4 %. Bestill vassmålar gjennom ein autorisert røyrleggjar for å sikre at den oppfyller krava.
Godkjende vassmålarar skal vere merka med:
- CE-merke
- Permanent gjennomstrømningsrate, Q3
- Forholdet mellom Q3 og minste strømningsrate Q1, gitt som Q3/Q1 eller R.
- Produsentnamn
- Modell/type
- Eit unikt serienummer
- Kode som viser til godkjenningssertifikatet
Difor må du lese av målarstanden
Har du vassmålar, sender vi deg faktura basert på eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden, og vi samanliknar det reelle forbruket med det stipulerte. Dersom du har brukt mindre enn stipulert og har betalt for mykje, får du tilbakebetalt det overskytande beløpet. Har du brukt meir, må du betale mellomlegget.
Du får varsel om avlesing på SMS eller i posten
Du vil få varsel om avlesing på SMS, dersom mobilnummeret ditt er registrert i offentlege register. Dei som ikkje får SMS, vil få tilsendt vassmålarkort i posten i god tid før fristen.
For eigedommar med fleire einingar, som burettslag eller sameige med felles vassmålar, sender vi avlesingskort til hovudkontaktpersonen, til dømes vaktmeister.
Slik les du av vassmålaren
Finn vassmålaren og sjekk displayet. Dei fleste vassmålarar har 5 svarte siffer som viser hovudforbruket. Noter dei 5 tala som står før komma. Ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.
Send inn målarstanden på desse måtane:
SMS: Svar direkte på SMS-varslinga med dei 5 tala. Merk: Berre svar med tala, elles blir ikkje avlesinga registrert.
Nett: Gå inn på www.leseav.no og skriv inn den sekssifra koden du finn på vassmålarkortet. Registrer dei 5 tala før komma. Hugs også å registrere mobilnummeret ditt, dersom du vil ha SMS neste gong.
Post: Send avlesingskortet i posten dersom du ikkje vil registrere det digitalt.
Siste registrerte innsending blir gjeldande målarstand. Regelmessig avlesing gjev deg kontroll på vassforbruket og kan avsløre feilmålingar, feil avlesing eller lekkasjar tidleg.