Dette treng du:
Dampsperre for innpakking (Type LDPE plastfolie 0,20 mm tjukkleik. Kan kjøpast på faghandel eller byggevarehus)
Emballasjeteip. Berekn ca 1 rull pr pall med asbest.
Kniv
Meterstokk
Ein heil EURO-pall utan råte eller skadar. Vi tar ikkje imot asbest på eingongspallar.
Slik gjer du
Vi anbefaler at du les arbeidstilsynet sin guide privatpersoner og arbeid med asbest. Her finn du råd om bruk av personleg verneutstyr og gode forhandsreglar.
Dekk pallen med to separate lag med dampsperre. Det er lurt å plassere pallen direkte på tilhengaren.
Legg eternittmaterialet (vist med papp på bildet) på pallen. Platene kan dekke opp til 50 cm over toppen på pallen.
Pakk eternitten godt inn i det første laget med plast slik at asbesten ligg heilt innpakka i tett plast. Alle skøytene skal teipast.
Gjenta emballeringa med det andre plastlaget. Også dette laget skal vere heilt tett. Alle skøytene skal teipast.
Plasser pallen på ein tilhengar slik at den enkelt kan løftast av med gaffeltruck ved levering på gjenbruksstasjonen.
Det er lurt å berekne god tid ved levering av asbest.
Ta gjerne kontakt med oss på gjenbruksstasjonen med spørsmål om noko er uklart.