Strandryddeaksjonar
Før du byrjar å rydde langs kysten i Øygarden, må du registrere strandryddeaksjonen på ryddenorge.no. Dette er heilt nødvendig for å få levert avfallet gratis – og for å få tilgang til aksjonskoden du skal vise fram når du leverer på gjenbruksstasjonen.
Slik gjer du det:
- Gå til ryddenorge.no
- Opprett brukar
- Opprett ryddeaksjon
- Rydd
- Registrer kor, når og mengde du/dykk har rydda
- Vis fram aksjonskoden ved innlevering av avfallet
Avfallet må du sjølv levere til gjenbruksstasjonen. ØyVAR har dessverre ikkje lenger høve til å hente avfall, etter bortfall av støtte frå Miljødirektoratet.
Vi tek imot marint avfall gratis mot framvising av aksjonskode frå ryddenorge.no her:
- Midtstegen gjenbruksstasjon (sjå oppdaterte opningstider her).
Dersom du ikkje har registrert ryddeaksjonen din og ikkje har ein aksjonskode du kan vise ved levering, kostar det pengar å levere avfallet.
Er det vanskeleg å få levert avfallet sjølv, kan du kontakte Helene Johnsen i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) på helene.johnsen@bof.no, for å høyre om moglegheitene for henting av avfall.
Her hentar du sekkar og hanskar
ØyVAR stiller gratis utstyr til disposisjon for deg som ryddar, så langt lageret rekk. Når strandryddeaksjonen er registrert, kan du hente hanskar og sekkar på desse stadene i opningstida:
- ØyVAR, Lonavegen 20.
- Midtstegen gjenbruksstasjon.
- Miljøpunktet på Tjeldstø.
- Innbyggartorget på Rong senter (ved biblioteket).
Vårrydding i grendelag og velforeiningar
Skal laget ditt rydde? ØyVAR bidrar med sekkar og hanskar, som kan hentast same stader som over. På grunn av bortfall i støtte, kan vi ikkje lenger hente avfallet. Grendelag, idrettslag eller foreiningar som sjølv bringer avfallet til gjenbruksstasjonen får kaste dette utan kostnad i restavfall der. Dette tilbodet gjeld i første omgang ut mai 2025. Grendelag, idrettslag eller velforeiningar som ryddar i sitt nærmiljø treng ikkje å vise aksjonskode ved levering.
Skoleklassar på ryddeaksjon
Skoleklassar som vil rydde oppfordrast til å kontakte Helene Johnsen i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) på helene.johnsen@bof.no. BOF kan hjelpe skoleklassar gjennom ein eigen tilskotsordning som gir moglegheit for både hjelp til transport og innhenting av avfall. Dette organiserast gjennom BOF og ikkje ØyVAR.
Har du spørsmål om ryddeaksjonar?
Ta kontakt med: Helene Johnsen i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) helene.johnsen@bof.no
Takk for at du ryddar!
