• Start |
  • Rettleiingar |
  • Måler vassmålaren din …

Måler vassmålaren din feil?

Dersom du mistenker at vassmålaren i din bustad ikkje måler korrekt kan du utføre ein eigen kontroll av målaren.

Eigenkontroll av vassmålar

Eigenkontroll kan utførast slik:

  • Bruk ei vanleg 10 liters bøtte. Denne må først kalibrerast før den kan nyttast til testen. Dette gjer du ved å fylle opp ein litar i eit litermål 10 gonger. Merk så av 10 liter på bøtta så nøyaktig som mogleg.
  • Pass på at du ikkje har på maskiner som nyttar vatn eller anna forbruk av vatn i huset mens du utfører testen. Når alt er stengt av må du sjekke vassmålaren. Dersom vassmålaren då beverger seg og teller vidare, er det teikn på at det er lekkasjar internt i huset.
  • Les av visarane på vassmålaren som viser desiliter og liter og noter eventuelle posisjonar. Ta også bilete som dokumentasjon.
  • Fyll opp bøtta til det markerte 10-litersmerket frå eigna tappestad. Dette punktet bør vera nærmast mogleg hovudinntaket.
  • Les av visarane på målaren på ny og noter registrert forbruk. Ta nytt bilete.
  • Repeter deretter steg 4 og 5 to gonger, slik at du har 3 ulike målingar.

Kalibrering med meir nøyaktig utstyr

Dersom det registrerte forbruket er minst 5 % større (eller mindre) enn 10 liter, kan du be om enkel testing av vassmålaren. Du må då sende ein e-post til postboks@oyvar.no. ØyVAR vil då avtale eit tidspunkt for å komme heim til deg og teste målaren med godkjent måleutstyr frå Justervesenet.

Denne kontrollen kostar 1 500 kr pr gong pr eigedom (gebyrregulativet).

Utvida test hos eksternt laboratorium

Dersom du som abonnent krev ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar, vil det vere mogleg med ein utvida test. Det er då viktig å vere klar over at du som abonnent må bere kostnadene ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor ± 4 %. I motsett fall dekker ØyVAR kostnadene.

Ved utvida testing må abonnenten sjølv kontakte eit godkjent kalibreringsforetak. Dersom vassmålar skal sendast inn til eit kalibreringsforetak, må du kontakte eit røyrleggerfirma for demontering av vassmålaren. Det må då settast inn ein mellombels vassmålar, elles vil ØyVAR stipulere vassforbruket etter storleiken på bustaden i den perioden målaren er demontert. Dersom vassmålaren er eldre enn 8 år eller abonnenten ikkje stolar på at den demonterte vassmålaren vil måle riktig for framtida, vil vi anbefale å skifte målaren ut permanent. Demontering og montering av vassmålarar skal utførast av røyrleggar og meldast inn til ØyVAR. Alle kostnader røyrleggararbeidet medfører må dekkast av abonnenten.