• Start |
  • Rettleiingar |
  • Kjeldesortering for …

Kjeldesortering for bedrifter

Kjeldesortering av matavfall, hageavfall og plastavfall

Mat- og plastavfall frå alle bedrifter med hushaldsliknande avfall skal sorterast ut. Avfallet skal materialgjenvinnast eller gjerast klart for ombruk.

Reglane påverkar dei fleste bedriftene

Lovendringane som kom i 2023 er eit verkemiddel for å nå dei felles måla om at vi innan 2035 skal materialgjenvinne 65 % av hushaldningsavfallet. Det same gjeld liknande avfall frå næringslivet. I praksis påverkar reglane dei aller fleste bedrifter. Det betyr at om din bedrift har avfall som hageavfall, matavfall og plastavfall, så skal det kjeldesorterast.

ØyVAR samlar allereie inn både matavfall, emballasjeplast, papp/papir og restavfall. Våre renovasjonsbilar køyrer faste ruter i heile Øygarden kommune.

Treng di bedrift hjelp til dette?

Treng di bedrift meir kjeldesortering for å imøtekomme krava eller treng du meir informasjon? Ta kontakt med oss så hjelper vi deg gjerne. Vi har avfallsbehaldarar til sals for ulike avfallstypar.