Denne rettleiaren er for alle firma som skal gjere ein jobb for oss i våre avløpsanlegg. Det knytt ein del spesielle risikoar til arbeid i avløpsanlegg og vi i ØyVAR vil gjere det enklare for våre samarbeidspartnarar å arbeide trygt i våre anlegg. Vi tar her for oss både kva risikoar som finst, og korleis du kan beskytte deg mot risikoane.
Eksponering for avløpsvatn
Arbeid i avløpspumpestasjonar og arbeid i avløpsrenseanlegg medfører fare for eksponering for avløpsvatn og sjukdomsframkallande mikroorganismar som følger med det. Derfor skal alle som kan komme i kontakt med avløpsvatn vaksinerast mot difteri, hepatitt A, hepatitt B, polio og stivkrampe. Dette er arbeidsgivar sitt ansvar.
Beskyttelse mot avløpsvatn
Den enkelte arbeidsgivar er ansvarleg for at arbeidstakarane har det nødvendige verneutstyret tilgjengeleg. Kva utstyr som er nødvendig er avhengig av arbeidsoppgåvene som skal utførast. Dersom det er fare for sprut eller direkte kontakt med avløpsvatn må andedragsvern, visir og hanskar nyttast.
Det skal aldri etast eller drikkast i skitten sone i avløpsanlegg.
Ein enkel måte å sørge for at dei kleda ein kjem i også er reine når ein drar frå anlegget, er å nytte skoposer og eingongsdressar som kan trekkast over anna tøy. Det blir ikkje akseptert at ein arbeider i private klede i våre avløpsanlegg.
Våre avløpsreinseanlegg er tydeleg delt inn i rein og skitten sone, og vi forventar at innleigd personell også forholder seg til dette. Det er viktig med grundig handvask etter arbeid i skitne soner.
Farlege gassar i avløpsanlegg
Arbeid i avløpsanlegg kan også medføre arbeid i område med farlege gassar eller lågt oksygennivå. Det er fleire farlege gassar som naturlig oppstår i avløpsanlegg, og sjølv med god ventilasjon er det ingen garanti for at det er trygt å jobbe i området utan andedragsvern.
Hydrogensulfid, H2S
Ein av dei farlegaste gassane du kan møte på i våre anlegg er hydrogensulfid. Denne gassen blir danna naturleg i avløpsvatn. Ved arbeid med avløp skal gassmålar alltid brukast. Ved konsentrasjon på 1 ppm bør andedragsvern nyttast. Ved konsentrasjon på 5 ppm skal området forlatast. Hydrogensulfid luktar karakteristisk av råtne egg, men ved svært høge konsentrasjonar kan ein ikkje lenger lukte den.
Ein viktig eigenskap ved hydrogensulfid er at den er tyngre enn luft og vil legge seg i det lågaste punktet.
Karbonmonoksid, CO
Karbonmonoksid er ein giftig gass utan farge og lukt. Gassen blir absorbert i blodet raskare enn oksygen, og forhindrar blodet i å ta opp oksygen. Det gir nedsett yteevne, hovudverk og forgiftning. Ved 25 ppm skal området forlatast.
Metan, CH4
Metangass blir danna ved anaerob nedbrytning av slam og kloakk. Gassen er nesten luktfri og er ikkje helsefarleg, men den er eksplosjonsfarleg i blanding med luft. Nedre eksplosjonsgrense (LEL) for meetan er 4,4 vol%. Ved deteksjon av metan skal området forlatast.
Ammoniakk, NH3
Når organisk materiale rotnar kan det bli danna ammoniakk. Ammoniakk er ein fargelaus, giftig gass med stikkande lukt.
Ammoniakk irriterer auge, hud og slimhinner. I høge konsentrasjonar kan den vere etsande og gi alvorlege augeskadar.
Gassmålarane målar ikkje mengde ammoniakk i lufta, men sidan gassen blir frigjort saman med andre gassar i rotningsprosessen vil gassmålaren reagere på andre gassar og gi alarm når det er nødvendig å forlate området på grunn av høge gasskonsentrasjonar.
Lågt oksygennivå
Normalt er det 20,9% oksygen i lufta. Ved lågalarm på19,5% må området forlatast umiddelbart. Det som er viktig å hugse på når det gjeld lågt oksygennivå, er at filtrerande andedragsvern ikkje hjelper.
Beskyttelse mot farlege gassar
Personleg gassmålar skal alltid brukast ved arbeid i våre avløpsanlegg. Vi forventer at arbeidsgiver stiller med kalibrerte målarar og at aarbeidstakarane er kjent med bruken av målarane. Det er også aktuelt å bruke vifte for å fjerne farlege gassar eller tilføre oksygen til eit område.
Andedragsvern
Det er to hovudtypar andedragsvern, filtrerande andedragsvern og luftforsynt andedragsvern.
Andedragsvern bør ikkje brukast meir enn totalt 3 timar i løpet av ein arbeidsdag. Bruk av passivt andedragsvern (der berre eigen pudtekraft presser lufta gjennom filteret) bør vere kortvarig sidan det fort blir ubehageleg å gå med og faren for feil bruk aukar. I ØyVAR brukar vi hovudsak betteridrivne andedragsvern som er noko meir komfortable enn passive andedragsvern.
Ved bruk av passivt filtrerande andedragsvern er det særleg viktig å passe på at maska sit godt og at det ikkje lekker luft inn. Dette kan enkelt sjekkast og skal gjerast før kvar bruk.
Testing av tettleik gjerast på følgjande måte
Tett filteret/luftinntaket med plastfolie eller handa slik at ingen luft kjem inn i andedragsvernet. Trekk pusten djupt utan å puste ut. då vil andedragsvernet bli trykt mot ansiktet. Andedragsvernet må halde seg tett til huda i minst 10 sekund for å kunne kvalifisere som tett.
Filterets beskyttelse
Ved bruk av andedragsvern med gassfilter må punkta under følgast for å sikre at filteret gir tilstrekkeleg beskyttelse:
- bruke filteret som angitt frå produsenten
- skifte filter før utløpsdato
- skifte filteret dersom det er synleg skada eller synleg forureina
- skifte filteret før forureining trenger gjennom (kan luktast eller smakast gjennom filteret)
- skifte filteret før det blir tungt å puste gjennom det (gjelder passivt andedragsvern. Batteridrive andedragsvern har ein indikator som markerer når filteret må byttast)
- filteret skal byttast seinast 2 månader etter at det er opna (skriv dato for når filteret er tatt i bruk)
- filteret skal oppbevarast i ein lukka behaldar når det ikkje er i bruk
ØyVAR forventar følgande av innleigde firma:
- Dei ansatte har fått opplæring i henhold til forskrift om utførelse av arbeid §6-4
- Arbeidsgivar har nødvendig verneutstyr tilgjengeleg for dei tilsette
- Dei som skal utføre arbeid i våre avløpsanlegg møter opp med det nødvendige verneutstyret
- Arbeidsgivar sørger for at gassmålar er tilgjengeleg for dei som treng det og at vedlikehald/ kalibrering av gassmålar blir fulgt opp.
- Det blir ikkje fakturert for tid som går med til å hente det nødvendige verneutstyret dersom de har møtt opp og blitt avvist frå anlegget på grunn av manglande verneutstyr.