I Øygarden kommune må du sortere ut matavfallet, enten du leverer avfallet i eit matavfallsspann eller komposterer det sjølv. Matavfallet som blir henta inn hos hushaldsabonnentane fraktast med spesialtransport til Austlandet for å bli biogass og gjødsel. Dersom du ønsker å heimekompostere, kan du ta kontakt med ØyVAR.
Kompostering vil seie at bakteriar, sopp og andre ørsmå organismar bryt ned organisk materiale, til dømes frå matavfall, til eit jord. Føresetnaden er at det er tilgang på luft gjennom heile prosessen. Då skjer nedbrytinga raskt og utan plagsam lukt. I tillegg utviklar det seg varme (normalt rundt 30 - 60°C, av og til opp mot 70° C) som gjer at fluger og andre insekt ikkje kan leve i bingen. Utan luft vil massen rotne og lukte vondt. Det kan òg dannast skadelege gassar og stoff.
Slik startar du med heimekompostering
Kjøp eller bygg ein binge. Denne skal vere godkjend av ØyVAR og det kan vere lurt at du tar kontakt med oss før du går til innkjøp av kompostbinge, slik at vi kan godkjenne den før du har kjøpt bingen.
Krav til kompostbinge
- Minimum fem cm isolasjon i vegger, bunn og lokk.
- Ingen opningar som gnagarar kan komme seg inn gjennom.
- Lokk med lukkemekanisme.
- Ventilasjonssystem som sikrar lufttilgang inn, og slepp vassdamp ut.
- God avrenning av evt. sigevatn.
Avtale om heimekompostering
Når bingen er komen på plass, og ØyVAR har motteke kvittering på kjøp av binge/kontrollert heimelaga binge, vil du få tilsendt ein avtale om heimekompostering. Avtalen skal sendast tilbake ferdig signert.
Du vil då bli registrert som heimekompostør og dermed få lågare renovasjonsavgift enn dei som ikkje komposterer sjølv.
Plassering av kompostbingen og førebuingar
Kompostbingen må ikkje stå på ein plass med for mykje sol og vind. Elles kan du plassere den kor det måtte vere. Dersom du vel å plassere den i garasjen, må du ha eit eige avluftingssystem kopla til bingen. Eit godt råd er å plassere bingen ein plass der det er lett å kome til for å arbeide i den.
Få tak i strø, eit hagegreip og ein ekstra behaldar til matavfall i kjøkkenbenken. Som strø kan du bruke tørr treflis, tørt lauv, tørr oppmalt bark eller høvelspon. Hugs at strømaterialet ikkje må vere for fint, og at det må vere tørt før det kan nyttast.
Bokashi kjøkkenkompost
Det er også mogeleg å bruke Bokashi kjøkkenkompost til heimekompostering av matavfall. Bokashi er enkel og smart kompostering av matavfall som omdannar alt matavfall til næringsrik jord og gjødsel på få veker. Prosessen skjer innandørs i ei lufttett bøtte ved hjelp av eit kveiteklibasert kompoststrø, innsatt med effektive mikroorganismar (EM-1). Bokashi lukter ikkje vondt. Les meir om Bokashi her. For avtale om heimekompostering med Bokashi, send inn kvittering for innkjøp av eit startsett. Startsettet må du kjøpe sjølv på nett eller frå lokale forhandlarar. Det blir ikkje gitt refusjon frå ØyVAR for innkjøp av Bokashi startsett, men du får ein reduksjon i renovasjonsgebyret for hushald med heimekompost (prisar finn du i gebyrregulativet her).
Kva kan komposterast?
Dette kan du kompostere:
- kjøt og fiskerestar
- frukt- og grønsaksrestar
- kaffigrut, kaffiposar og teposar
- brød og kakerestar
- saus, suppe og grautrestar
- eggeskal og rekeskal
- andre matrestar
- tørkepapir og papirserviettar (ikkje farga)
- planterestar som ikkje er handsama med gift
Dette kan du ikkje kompostere:
- glas, metall og plast
- papir og mjølkekartongar
- store kjøtbein, kattesand og oske
- spesialavfall og impregnert trevirke
- andre stoff som er giftige eller som ikkje kan brytast ned
Slik komposterer du
I botnen på kompostbingen legg du 25-30 cm med tørr småkvist. Materialet skal vere lett samanpressa. På toppen av dette legg du to ark med avispapir som du perforerer med ein spiker. På avisa legg du eit lag med grov og tørr flis, 5 cm tjukt i midten og 10 cm langs sidene. No kan du tømme det første spannet med matavfall og blande det med strø. Hugs at avfallet skal vere delt opp, og at det ikkje bør leggast for nær sidene i bingen.
Frå og med andre tømming, går du fram slik:
Bland det øvste laget i bingen, og lag ei grop i midten. Tøm matavfallet i gropa, og unngå at avfallet kjem heilt ut til sidene av bingen. Til vanleg skal det blandast inn omlag like mykje strø som matavfall: 5 liter strø til 5 liter matavfall. Brei over gropa med kompost frå sidene, og dryss over med eit par liter strø. Strømaterialet har som oppgåve å regulere fukta i komposten, gjere avfallet luftig - slik at det kjem nok oksygen til mikroorganismane - og hindre at fluger legg egg i avfallet. Viss avfallet er våtare enn vanleg, må du ha i meir strø, og viss avfallet er tørrare enn vanleg, har du i litt mindre strø. Strøet må vere tørt! Legg matavfall i bingen to gonger i veka eller oftare. Kvar gong, og minst ein gong i veka, må du blande om komposten. Når bingen begynner å bli full, er det nok å blande dei øvste 30-40 cm og berre løfte litt i dei nedste laga med greipa for å få inn luft. Den høgaste temperaturen vil vere midt i bingen i den øvste delen, og her skjer komposteringa raskast. Her ligg temperaturen på om lag 50°C. Smittestoff blir øydelagde ved denne temperaturen.
Vanlege utfordringar og løysingar
Nesten alle problem i ein kompostbinge skuldast for mykje eller for lite strø. Dersom komposten er for våt, må du blande i meir strø. Dersom komposten er for tørr, kan du la vere å blande inn strø nokre gonger eller vatne litt med varmt vatn. Viss temperaturen i tillegg er låg, tilset du ein neve sukker per liter vatn. Luktar det av komposten, kan du òg få problem med kvite flugelarver. Desse tilhøva følgjer ofte kvarandre. Det kjem av at flugene kjenner lukta og oppsøkjer bingen for å finne mat og leggje egg. Bingane er sjeldan så tett at flugene ikkje kjem inn i dei. Dersom komposteringa ikkje blir gjort på riktig måte, vil du raskt få flugelarver i bingen.
Slik blir du kvitt flugelarver
- Bland opp komposten med strø til han blir porøs og luftig.
- Kok opp 2-5 liter vatn med ein neve sukker per liter eller ei skei salpeter. Mengda må stå i forhold til mengda med kompost i bingen.
- Tøm det kokande sukkervatnet jamt over komposten.
- Dekk med to ark avispapir, og dryss strø langs kantane. Etter to til tre dagar er larvene garantert komposterte, og du kan fortsetje å kompostere som før. Dersom komposten har riktig temperatur, unngår du problemet med flugelarver. Kjem det sigevatn ut av kompostbingen, har du brukt for lite strø. Bruk nok strø, og bruk strø på riktig måte. Det skal aldri kome sigevatn ut av ein binge.
Maur i komposten
Komposten er truleg altfor tørr. Hell på vatn, og bruk mindre mengder med strø.
Kva gjer ein med ferdig kompost?
Etter ein til to månader er matavfallet blitt omdanna til råkompost, men du bør vente med å ta ut råkomposten til bingen er full.
Når du skal tømme kompostbingen, tek du av framveggen. Det øvste laget er enno ikkje ferdig som råkompost, og dette spar du ut og legg til sides, til dømes i ei trillebår, medan du tek ut den ferdige råkomposten. Det er lett å sjå skilnaden mellom ferdig råkompost og uferdig kompost på toppen. Det er ikkje mogeleg å sjå kva råkomposten er laga av, og han luktar som jord. Det er lett å sjå kva den uferdige komposten er samansett av, og det luktar matavfall utan at ein kan seie at lukta er vond.
Den ferdige råkomposten må du leggje til modning i hagen ein stad. Du kan leggje han i haug, blande han med kompost frå hageavfall, eller ha han i ein open binge til ettermodning. Etter 6-8 månader er råkomposten forvandla til næringsrik jord. Kompostjorda kan då brukast som jordforbetringsmiddel og hagejord. Godt modna og sikta kompostjord er utmerkt til potteplanter, særleg dersom du blandar inn litt skjelsand eller kalk.
Råkomposten kan ikkje brukast rett etter at han er teken ut av kompostbingen, fordi næringsinnhaldet er for høgt og komposteringsprosessen enno ikkje er ferdig. Plantar du noko i uferdig kompost, vil plantene raskt bli brotne ned og komposterte i staden for å vekse!
Når du så skal starte på nytt, begynner du som første gongen med 20-30 cm småkvist i botn, to ark avispapir med hòl i over, nytt lag med 5-10 cm strø og deretter topplaget med uferdig kompost som var lagt til sides.
Kompostvettreglane
- Del opp matavfallet, slik at ingen bitar er større enn eit halvt hønseegg.
- Legg ikkje miljøfarleg avfall i kompostbingen.
- Bruk nok strø - ikkje for mykje og ikkje for lite.
- Legg nytt matavfall i ei grop i midten av bingen, bland med strø, og dra over komposten som ligg omkring.
- Er det sigevatn frå bingen, må du blande inn meir strø. Sigevatn skal det ikkje vere.
- Bland om komposten minst ein gong i veka.
- Ikkje tøm kompostbingen før han er full.
- Når råkomposten er teken ut av bingen, skal det uferdige topplaget inn att i bingen etter at du har lagt ny botn inne (småkvist, avispapir og strø).
- La råkomposten modne i 6-8 månader før du tek han i bruk.
- Bland modna kompostjord med hagejord og skjelsand.