Vatn – Abonnement fast
Er den faste delen av vassgebyret som består av ein fast sats pr brukseining eller pr. bueining på eigedommen. Satsen er kr 739,73 pr eining.
Eksempel: Ein einebustad med hybel er 2 bueiningar og vil då bli belasta for to einingar:
2 x 739,73 kr = 1.479,46 kr.
Vatn – Abonnement variabel
Er den faste, variable delen av vassgebyret som blir berekna ut frå bustadens bruksareal. Prisen for fastleddet er 9,87 kr pr kvadratmeter.
Eksempel: Ein einebustad på 200 kvadratmeter (m²) må betale 1.974 kr.
Vatn – Forbruk, areal
Denne delen er basert på vassmålar, om du har det, eller den blir stipulert basert på areal. Forbruket er berekna til 1,2 kubikkmeter vatn pr. kvadratmeter i året (1,2 m³/m²).
Eksempel:
For ein bustad på 200 m² er det berekna at forbruket er 240 kubikkmeter vatn i året. Men, det er i gebyrregulativet satt ei øvre grense på 180 m² pr bueining ved utrekning av stipulert forbruk.
Så i dette eksempelet blir forbruket stipulert til 216 kubikkmeter vatn (180 m² x 1,2). Satsen pr 01.01.2024 er 21,98 kr pr kubikkmeter (m³) vatn. Dette utgjer kr 4.747,68 i året.
Avløp – Abonnement fast
Er den faste delen av avløpsgebyret som består av ein fast sats pr brukseining eller pr bueining på eigedommen. Prisen for fastleddet er 3.555,24 kr pr eining.
Avløp – Abonnement variabel
Er den faste, variable delen av avløpsgebyret som blir berekna ut frå bustadens bruksareal. Prisen for fastleddet er 5,69 kr pr kvadratmeter.
Eksempel: Ein einebustad på 200 kvadratmeter (m²) belastast med 1.138 kr i året.
Avløp – Forbruk, areal
Betyr berekna eller stipulert forbruk. Alle som ikkje har vassmålar betalar for eit stipulert forbruk. Forbruket er berekna til 1,2 kubikkmeter vatn pr. kvadratmeter i året (1,2 m³/m²). Det er i gebyrregulativet satt ei øvre grense på 180 m² pr bueining ved utrekning av stipulert forbruk.
Eksempel:
For ein bustad på 200 m²er forbruket stipulert til 216 kubikkmeter (180 m² x 1,2). Satsen frå 01.01.2024 er 34,73 kr pr kubikkmeter (m³) avløp. Det utgjer kr 7.501,68 i året.
Renovasjon – Vanleg hushald
Dette er det ein ordinær bustad må betala for renovasjon.
Dette inneber 3 spann: mat, rest og papir.
Har du valt andre størrelsar på spann eller anna hentefrekvens vil prisane kome fram av gebyrregulativet for det gjeldande året.
Renovasjon – Vanleg hushald med heimekompost
Dette er det ein ordinær husstand med heimekompost må betale for renovasjon. Dette abonnementet er billigare enn standardabonnementet då det ikkje er innhenting av matavfall. Abonnementet inneber 2 spann: rest og papir.
Slam – Årsgebyr bustad
Dette er eit gebyr som bustader som har slamavskiljar/septiktank med eige/privat utslepp betalar. Satsen er kr 1.496,90 pr. bueining pr. år.
Slam – Årsgebyr kontroll
Dette er eit gebyr som skal nyttast til kostnader i samband med kontroll av og tilsyn med avløpsanlegg. Kvar eigedom skal betale eit gebyr per avløpsanlegg.