• Start |
  • Rettleiingar |
  • Bli varsla

Bli varsla

ØyVAR bruker varslingssystemet Varsling24 for å varsle abonnentane om hendingar på vatn- og avløpsnettet.

Svar på ofte stilte spørsmål om tenesta, finn du her.

Når blir systemet brukt?

ØyVAR AS informerer innbyggarane digitalt ved hendingar når det er nødvendig. Det kan vere ved stenging av vassforsyning, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

Det blir brukt tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar: Kontaktinformasjon blir henta frå kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og din epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Når det offentelege kontaktar deg, vil kontaktinformasjonen vere henta herfra. Oppdater informasjon her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon.

2) Bedrifter: Ved varsling av bedrifter blir bedriften som høyrer til adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Einingsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereiningar i Brønnøysundregisteret: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/

3) Tilleggsregister: Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønsker å motta varslar for ein bedrift eller for ein adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå https://varslemeg.no/

Har du ikkje blitt varsla?

Kva kan du gjere?

1) Folkeregisteret: Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

2) Tilleggsregisteret: Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på din adresse i Tilleggsregisteret. Hugs å endre dersom du flytter. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir berre brukt av din kommune.

Registrer ditt telefonnummer i kommunen sitt tilleggsregister her: https://varslemeg.no Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

Sårbare verksemder

Tilleggsregisteret knyter kontaktpersoner til bedrifter med telefonnummer. Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.