• Start |
  • Renovasjon |
  • Kjeldesortering

Kjeldesortering

Skriv inn namnet på det du skal kaste. Via sortere.no vil du få opp informasjon om korleis det skal behandlast og sorterast.

icon Matavfall

Matavfall

Du kan få nye posar til matavfallet ved å knyte ein tom pose på handtaket på bossdunken …
Du kan få nye posar til matavfallet ved å knyte ein tom pose på handtaket på bossdunken din for matavfall på tømmedagen. Du kan også hente posar på Gjenbruksstasjonen i Midtstegen, Miljøpunktet på Tjeldstø eller på hovudkontoret vårt i Lonavegen 20.
icon Plastemballasje

Plastemballasje

Returplastsekkane skal berre brukast til plastemballasje. Brukar du returplastsekken til å …
Returplastsekkane skal berre brukast til plastemballasje. Brukar du returplastsekken til å levere restavfall i, kostar det deg 10 kr ekstra per sekk. Du får nye sekkar til plastemballasje ved å knyte ein tom pose på handtaket på bossdunken din for papp og papir på tømmedagen. Du kan også hente sekkar på Gjenbruksstasjonen i Midtstegen, Miljøpunktet på Tjeldstø eller på hovudkontoret vårt i Lonavegen 20.
icon Tekstilavfall

Tekstilavfall

Lever brukbare tekstilar på innsamlingspunkta for tekstil. Øydelagde, våte, skitne og …
Lever brukbare tekstilar på innsamlingspunkta for tekstil. Øydelagde, våte, skitne og mugne tekstilar leverer du på gjenbruksstasjonen i Midtstegen.

Lev berekraftig: Sorter og reduser avfall

Skal vi ha ressursar i fremtida er avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning heilt nødvendig. Kjeldesortering handlar om å bruke ressursane smartare - å gjenvinne dei slik at dei kan brukast på nytt. Og på nytt.

Dei fleste av oss ønsker å leve meir berekraftig, men veit ikkje heilt korleis. Korleis produserer eg mindre avfall? Korleis tar eg best mogeleg vare på ressursane, både heime og på jobb? Sortere.no har gjort det enklare å ta gode miljøvalg i kvardagen – ta best mogeleg vare på ressursane ved å kaste mindre og sortere meir.