• Start |
  • Renovasjon |
  • Abonnement

Renovasjonsabonnement

Få nytt renovasjonsabonnement, be om endring eller fritak. Dersom du finn ut at antal dunkar eller storleik på dunkane ikkje passer ditt behov, ver venleg å ta kontakt.

Fyll ut skjema

Nytt abonnement må bestillast ved innflytting i nybygg. Flyttar du inn i eit hus som har vore budd i før, vil tidlegare eigars renovasjonsabonnement automatisk bli overført til deg som ny huseigar.

Nytt abonnement Endre abonnement Søknad om fritak

Reglar og tømming

Alle hushaldningar er pliktige til å vere med i kommunal innsamlingsordning og sortere avfall for mat/rest/papir og plast. Heimekompostering er eit alternativ til brun dunk. Renovasjonsgebyret vil gjelde frå 1. i månaden etter at mellombels bruksløyve er gjeve.

Byting av dunkar

Dersom du finn ut at antal dunkar eller storleik på dunkane ikkje passer ditt behov, ver venleg å ta kontakt med ØyVAR, så ordnar vi med byting.