Sidemeny:

ØyVAR AS fell inn under openheitslova og har forankra arbeidet med aktsemdvurderingar i styret 17.10.2022. På ØyVAR sine nettsider er dei etiske retningslinjene publisert saman med informasjon om ØyVAR sitt arbeid med openheitslova og korleis ein kan komme i kontakt dersom ein ønsker innsyn i arbeidet.

ØyVAR har kartlagt verksemda, mellom anna underleverandørar og forretningskontaktar, og vurdert om det er risiko for brot på anstendige arbeidsforhold og/eller brot på menneskerettar generelt basert på kva land underleverandørar og forretningskontaktar held til i. Så langt er vurderinga at risikoen er låg for brot på anstendige arbeidsforhold og brot på menneskerettar generelt. I det vidare arbeidet skal risikovurderinga bli utvida med risiko for dei ulike bransjane og ØyVAR vil følgje opp utvalde leverandørar og sjekke forholda der grundigare.

Dersom det blir avdekka risiko for brot på anstendige arbeidsforhold eller brot på menneskerettar generelt, vil ØyVAR prøve å stanse, førebyggje eller redusere negativ påverknad / skade og dessutan sørgje for eller samarbeide om gjenoppretting eller erstatning der det er påkravd.

Signert utgåve av  denne utgreiinga finn du i årsrapporten for 2022.