ØyVAR er miljøfyrtårn-sertifisert og vi jobbar kontinuerleg for ei meir berekraftig drift av tenestene våre. Dei siste åra har vi gjort fleire tiltak, som vi har fått støtte frå Enova til å gjennomføre, for å redusere straumforbruket vårt. I 2024 blei etterisoleringa av kontorbygget i Lonavegen ferdigstilt, og berre her reduserte vi straumforbruket vårt med 81 746 kWt. Straumforbruket i Lonavegen 20 gjekk med dette ned 38 % frå 2023 til 2024.

Miljøfyrtårn-sertifiseringa inneheld konkrete krav som må oppfyllast innan arbeidsmiljø, avfall/ombruk, energi, innkjøp og transport. Kvart år rapporterer vi tal frå våre aktivitetar som resulterer i eit klimarekneskap og statistikk. Denne informasjonen gir god oversikt over framgang og forbetringspotensial. Resultatet av denne rapporteringa blir gjort offentleg tilgjengeleg:
Ein del av Miljøfyrtårn-sertifiseringa handlar om samspelet mellom oss og samfunnet. Derfor inviterer vi kundar, samarbeidspartnarar og andre interessentar til å gje innspel om korleis klima- og miljøpåverknadane av vår drift kan gjerast betre. Innspela gjer oss nyttig innsikt i kva behov og forventningar de har til ØyVAR i åra framover. Har du innspel? Send dine innspel til postboks@oyvar.no.
Planar for klima- og miljøarbeidet
ØyVAR skal redusere utslepp, redusere vår negative miljøpåverknad og overholde miljøkrav frå myndigheitene. ØyVAR skal vere miljøfyrtårnsertifisert. Dette skal vi gjere gjennom:
- Å redusere klimagassutsleppa slik at dei som eit minimum oppfyller forventningane og krava frå eigar og styresmakter.
- Å identifisere og redusere mogelege kjelder til forureining.
- Å forsøke å oppnå ein effektiv bruk av energi og eit minimum forbruk av forbruksmateriell.
- At alle anbod skal innehalde miljøkrav til leverandørane, og dei skal inngå som kriterium ved val av løysing dersom det er relevant.
- Å gjere medvitne val av drivstoff og køyretøy, samt redusere unødvendig køyring (internt og eksternt).
- Vi skal kontinuerleg vedlikehalde og forbetre vårt miljøarbeid i ØyVAR AS.