Det vert frå og med i dag innført vatningsforbod. Forbodet gjeld ikkje manuell vatning ved bruk av vasskanne, men bruk av spreiar og slange. Dette gjeld alle abonnentar som er tilknytt offentleg vatn og som bur sør for Vik/Knappen i Øygarden kommune. Alle vassabonnentar som har fått SMS om dette frå ØyVAR, gjeld forbodet for.

Bakgrunnen for forbodet er at det varme vêret samt den store brannen har ført til eit auka vassforbruk og ei sterk nedtapping av våre høgdebasseng. Difor ser me oss naudsynte til å innføra vatningsrestriksjonar for å sikra ei god og stabil vassforsyning på røyrnettet. Vi vil oppmoda alle abonnentane våre til å visa moderasjon ved bruk av vatn til andre formål til situasjonen er normal igjen.

§3.8 i standard abonnementsvilkår for vann og avløp:

Abonnenten forplikter seg til å ikke sløse med vann. Under vannmangel eller når andre forhold krever det, kan kommunen innføre restriksjoner på vannforbruk til spesielle formål, for eksempel hagevanning. Kommunen kan i slike situasjoner også innføre andre restriksjoner. Eventuelle restriksjoner som kommunen finner det nødvendig å gjennomføre under vannmangel eller når andre forhold krever det, gir ikke rett til å kreve erstatning eller prisavslag.

Tips i varmen:

- Unngå å klipp graset for kort for å verna plenen mot sol og tørke.

- Vatn blomar og buskar med kanne etter sola har gått ned.

ØyVAR ber om forståing for dette og vonar alle overheld forbodet.


Lagt inn: 04.06.2021