Miljøprosjektet, som er ein del av ein pilot på Rongøyna, har som mål å motivere innbyggarane til betre kjeldesortering. Gjennom ein ny gebyrmodell får deltakarane lågare renovasjonsavgift dersom dei reduserer mengda restavfall ved å sortere meir mat-, papir-, plast-, glas- og metallavfall i kvardagen.

Trass i at mengda restavfall enno er på same nivå som tidlegare, viser dei nye tala stor framgang i kjeldesorteringa, og fleire innbyggarar er medvitne om korleis dei kan redusere restavfallet sitt.

– Vi er veldig nøgde med at Rong-innbyggarane har klart å auke sorteringa av matavfall med 50 prosent. Det viser at folk er villige til å endre vanane sine når dei ser at det både løner seg økonomisk og gjer ein forskjell for miljøet, seier fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad.

Målet er mindre restavfall

ØyVAR har innført eit nytt system der restavfallet vert veigd på bossbilen når det vert henta. Dette gjev innbyggarane kontroll over kor mykje restavfall dei kastar, og kva dei må betale for det. Det er også gratis å levere sortert avfall på gjenbruksstasjonen, noko som gjer det lettare for folk å bidra til mindre restavfall.

– Vi trur at insentiva i gebyrmodellen vår kan vere med på å motivere fleire til å sortere betre. Målet vårt er å redusere restavfallet vesentleg innan 2030, og pilotprosjektet på Rong viser at vi er på rett veg, seier Elstad.

Slik fungerer ordninga

Alle hushald på Rongøyna betaler eit basisgebyr, der dei som komposterer heime, betaler litt mindre. I tillegg må husstanden betale per kilo restavfall, mens alt anna avfall kan leverast gratis på gjenbruksstasjonen. Renovasjonsbilane er utstyrte med vekter som gjev ei nøyaktig måling av avfallet. Ordninga legg til rette for at kjeldesortering skal bli enklare, og at folk kan spare pengar ved å redusere restavfallet sitt.

ØyVAR vil halde fram med å overvake resultata av pilotprosjektet og vurderer å utvide ordninga til fleire område i Øygarden dersom resultata held seg positive.

– Kjeldesortering er noko alle kan bidra med. Små endringar i kvardagen kan gjere ein stor forskjell for miljøet, avsluttar Elstad.

Innbyggarane som deltek i pilotprosjektet på Rongøyna leverer inn 50 prosent meir matavfall på tømmedag no enn før prosjektet starta. Med meir kjeldesortering håpar renovatørane og ØyVAR på mindre restavfall framover.

Lagt inn: 12.11.2024