Eit lag med avispapir eller eggekartong i botnen av spannet absorberer fukt og hindrar at avfallet festar seg.
Strø eller litt salt i botnen kan absorbere fukt og hindre isdanning, men ver forsiktig med for mykje salt som kan påverke komposten.
Knyt posen godt igjen og legg den i spannet med knuten opp, for at minst mogleg siv ut i spannet. Har du ekstra fuktig matavfall? La det tørke eller fryse utandørs i posen før du legg det i spannet for å unngå fastfrysing. Hugs å sette ei bøtte over for å halde fuglar og dyr unna.
Ein vask av spannet før neste kuldebølge set inn, hindrar gammalt avfall og fukt i å fryse fast, og gjer tømminga lettare.