Søndag kom statsminister Jonas Gahr Støre på besøk til Øygarden og fekk høyre kva forskarar frå Norce kunne melde om ny kunnskap innan mikroplast i sjøen. Forskarane presenterte målingar av mikroplast i havet både før og etter plastrydding i strandsona og det viser seg at det hjelper å få fjerna plast frå strendene og kysten. Nivået av mikroplast i sjøen minkar når strandrydding har vore gjennomført.