Det er eit vakkert skue når det blomstrar og veks i hager og langs veger no på vår og sommar, men det byr også på nokre utfordringar. Det vert stadig vanskelegare å manøvrere dei store bossbilane våre på smale vegar og krappe svingar med hekkar, buskar og tre som veks ut i vegbana. No håpar vi at du kan hjelpe oss med å klippe hekk, buskar og tre i din hage, slik at vi saman kan tryggje alle mjuke trafikantar. Vi køyrer så forsiktig vi kan, men treng god sikt for å kunne hente bosspanna i ditt nabolag.

Takk til alle som hjelper oss å komme fram.


Lagt inn: 28.05.2024