Har du vassmålar, er det no tid for å lese av og melde inn målarstanden. Dette hjelper oss å rekne ut om du skal få pengar tilbake eller om det blir eit restbeløp å betale. Fristen for å melde inn målarstanden er søndag 17. november.

Slik melder du inn målarstanden

Det er to måtar å sende inn målarstanden:

SMS: Dersom mobilnummeret ditt er registrert i offentlege register, får du ein SMS måndag 11. november om avlesing av vassmålar. Du melder inn målarstand ved å svare på denne SMS-en. Bruk berre tal i svaret, elles blir ikkje målarstanden registrert. Ta ikkje med raude tal eller tala bak komma.

Vassmålarkort: Får du ikkje SMS, sender vi eit målarstandkort i posten. Der finn du ein kode for å registrere målarstanden på www.leseav.no, eller du kan sende kortet i retur med posten. For eigedomar med felles målar, som sameige og burettslag, sender vi kortet til hovudkontaktpersonen, til dømes ein vaktmeister.

Skal du betale eller få pengar tilbake?

Abonnentar med vassmålar betalar vanlegvis forskotsvis etter eit stipulert forbruk. Ved årsslutt samanliknar vi målarstanden du har sendt inn med det stipulerte beløpet.

Har du brukt mindre vatn enn forventa, får du tilbakebetalt pengar. Då får du ein kreditnota som viser beløpet du får tilbake, og du treng ikkje å gjere noko. Beløpet blir automatisk tilbakeført til kontoen som sist blei brukt til å betale rekninga. Pengane blir overført til kontoen din innan forfallsdatoen på kreditnotaen.

Har du brukt meir vatn enn det stipulerte forbruket, får du ein faktura som må betalast innan forfallsdato..

Kven har vassmålar?

Alle nybygg – både bustadar, fritidsbustader og industribygg – må installere vassmålar og betale etter målt forbruk. Andre abonnentar kan også installere vassmålar om dei ønskjer det.

Med vassmålar betalar du for ditt faktiske forbruk og ikkje etter bustadareal. Det kan difor lønne seg å installere vassmålar om hushaldet ditt har eit lågt vassforbruk.

Les meir om vassmålar og avlesing her.

Når kjem faktura?

Faktura for vassmålaroppgjeret kjem måndag 9. desember og har forfall måndag 23. desember.


Lagt inn: 05.11.2024