Branntilløp og brannar i bossbilen, på gjenbruksstasjonar og gjenvinningsanlegg er ein stor utfordring. Tal Norsk Industri har henta inn frå til saman 20 gjenvinningsbedrifter-/konsern viser at det blei registrert 543 brannhendingar i fjor.

Dei fleste hendingane vart handtert av bedrifta sjølv. Men i eitt av dei innrapporterte tilfella utarta det seg til ein større brann som påførte store materielle skadar.

Det er batteri som forårsakar flest branntilløp/brannar på gjenvinningsanlegga og gjenbruksstasjonane. Over 85 prosent av dei innrapporterte brannane som hadde ei kjend årsak, skuldast feilsorterte batteri.

Batteri i restavfall gjev flest brannar

– Brannrisikoen gjeld heile verdikjeda, frå avfallet blir samla inn, i transportetappen og på gjenvinningsanlegget. Feilsorterte batteri er faktisk ein trussel mot heile vår sirkulære framtid, seier Stine Helgeland, dagleg leder i LOOP - Stiftelsen for kjeldesortering og gjenvinning.

Feilsorterte batteri i restavfall utgjer den største brannrisikoen, viser tala frå Norsk Industri. Men også batteri i elektronikk, papp og papir og kompleksjern er årsak til innrapporterte brannhendingar.

– Noregs befolkning har blitt godt kjend med sorteringsmerka for mellom anna plast, papir, glas- og metallemballasje og restavfall. No må vi gjere sorteringsmerket for batteri meir kjend! For jo meir utbreidd desse merka blir, jo enklare vert det å kjeldesortere riktig, seier Helgeland.

80 prosent kjeldesorterer batteri

Den nasjonale merkeordninga for kjeldesortering blei lansert etter eit omfattande samarbeidsprosjekt leda av LOOP og Avfall Norge i 2020. Målet var å gjere det enkelt for folk å kjeldesortere. I ei undersøking Opinion gjennomførte på vegne av LOOP i august 2023 seier 62 prosent at dei har lagt merke til merkeordninga, som er ein solid auke frå 26 prosent i 2021.

Dei fleste av oss er flinke til å sortere batteri. Heile 80 prosent av oss seier vi gjer det. Det er veldig bra, samtidig er det fortsett fleire millionar batteri som vert kasta feil. Anten det er batteriet frå fjernkontrollen som vert kasta i restavfallet, eller det spelande bursdagskortet som vert kasta i papiret, utan å ta ut batteriet som har feira med song.

Sjølv om batteriet ikkje lenger gjev liv til leikebilen eller lys i hovudlykta, er det alltid litt restenergi igjen. Om polane på batteriet kjem i kontakt med til dømes noko metallisk, kan det oppstå gnistar. Dette kan lede til brann heime hos deg, i bossbilen, eller når avfallsposen vert opna og sendt av garde på banda på mottaksanlegget.

 

 

Kjelder: Norsk Industri og LOOP.


Lagt inn: 09.09.2024