ØyVAR har registrert at stadig fleire opplever det som utfordrande å halde oversikt og betale fakturaene som til no har kome annankvar månad.
– Dei siste åra har vi fått stadig fleire førespurnader frå abonnentar som ønskjer å dele opp fakturaen. Det har fortalt oss at mange treng å fordele utgiftene meir jamt gjennom året, seier administrerande direktør, Bjarne Ulvestad.
For å møte desse behova, har ØyVAR endra fakturahyppigheita til kvar månad.
– No får alle moglegheita til å betale i mindre beløp kvar månad, i staden for å få ein større faktura annankvar månad, seier Ulvestad.
Faktura for september vil bli sendt 1. september med forfall 15. september. Dette gjeld både innbyggjarar og næringsliv.
For dei som likevel ønskjer å halde fram med å få faktura annankvar månad, er det mogleg å endre tilbake. Endringa kan du mellom anna gjere i tenesta MinEiendom, der du får full oversikt over vatn-, avløps- og renovasjonsgebyra for din eigedom.
– Om nokon ønskjer å behalde den gamle ordninga, kan dei enkelt gjere det ved å bruke sjølvbeteningsløysinga vår i MinEiendom, eller ved å ta kontakt med oss via e-post eller telefon, seier Ulvestad.
Han håper endringa vil hjelpe innbyggjarane med å få ei jamnare fordeling av utgiftene.
Her kan du sjå fakturahyppigheit og fakturadatoar for 2024.
– Vårt mål er å gjere kvardagen litt enklare for folk, spesielt i desse tider der mange opplever ein strammare økonomi, seier Ulvestad, som understrekar at fakturahyppigheita ikkje påverkar totalbeløpet for året.
For å gjere det endå enklare, anbefaler Ulvestad alle som har moglegheit til det å velje anten eFaktura eller AvtaleGiro som betalingsalternativ. Desse alternativa krev minimalt med administrasjon og sparer deg for tid.
Her kan du lese meir om kva du får oversikt over i MinEiendom.