Last ned/Åpne PDF

Kommunstyret i Øygarden vedtok 15.desember at gebyret for vatn, avløp og renovasjon blir auke i 2023. Årsaka er høgare utgifter til renter og straum i tillegg til generell prisauke.

Vi forstår at auka gebyr ikkje står øverst på ønskelista di til jul. Men det viktigaste vi gjer er å sikre at du får reint vatn i springen, og at avløp og renovasjon fungerer som det skal. Grunna auka kostnadar til renter og straum, blir gebyret til vatn, avløp og renovasjon auka i 2023.

Heile Noreg får auka gebyr

Alle kommunane i Noreg vil bli råka av høgare renter og energikostnader, som igjen fører til gebyrauke. Om lag 80 % av gebyret i Øygarden kommune går til innkjøp av varer og tenester i den private marknaden, som også har skrudd opp prisane.

Fleire detaljar

Kva dette betyr for deg og meir informasjon om prisauka, kan du lese i vedlagt PDF. Bruk vår gebyrkalkulator for å berekne gebyra dine for 2023


Lagt inn: 30.12.2022