ØyVAR held fram med å merka alle bosspann til abonnentar som betalar renovasjonsgebyr.
Formålet er å gjera innsamlinga av restavfall, matavfall og papir meir fleksibel for deg som kunde.
Målsetjinga er å auke servicegrada. Vi har og stort fokus på å effektivisere våre eigne rutinar.
Ein start på dette arbeidet er å merka alle bosspanna i kommunen med ei databrikke og adresseetikettar.
Merkinga av bosspanna tek til no i juni 2020. I nokre månader framover vil personell frå ØyVAR merka alle bosspann med ei databrikke frå Toft og nordover. Dette gjeld både spann for restavfall, matavfall og papir.
Når dykk får sms melding frå ØyVAR ang merking i ditt området, er det viktig at spann står plassert på eigedomen att ved huset.