• Start |
  • Siste nytt |
  • Har du fått fakturaen for …

Har du fått fakturaen for 4. termin i postkassa?

Fleire kundar har mottatt papirfaktura i staden for eFaktura grunna ein feil i systemet.

Publisert: 28.07.2023

Fleire av våre kundar som tidlegare har mottatt eFaktura frå ØyVAR har i juli fått fakturaen i postkassa. 
Denne feilen har dessverre oppstått etter ei oppdatering av datasystemet vårt, Visma. 

Dersom du har mottatt faktura i posten, men tidlegare har mottatt eFaktura, ber vi deg sjekke i nettbanken om fakturaen er komen inn der. 
Hvis du ikkje finn fakturaen i nettbanken må den leggjast inn til betaling manuelt.

Det blir jobba med saka for å løyse dette før neste utsending av fakturaer, og vi beklagar ulempa dette fører med seg!