• Start |
  • Siste nytt |
  • Øydelagde og slitte …

Øydelagde og slitte tekstilar skal innleverast til gjenvinning

Utslitne og holete tøy skal ikkje lenger kastast i restavfallet. Så lenge tøyet er reint og tørt skal det sendast til ombruk eller materialgjenvinning.

Publisert: 21.01.2025

Frå nyttår tredde nemleg heilt nye reglar for kjeldesortering av tekstilar i kraft i heile Noreg. Medan det tidlegare berre har vore systematisk innsamling av brukbare klede som kan gjenbrukast, skal no òg øydelagde tekstilar samlast inn.

– Målet med denne endringa er å auke ombruk og gjenvinning av tekstilar og redusere miljøbelastninga, seier Espen Elstad, fagsjef for renovasjon i ØyVAR. Dessverre finst det ikkje enno gode teknologiske løysingar for å materialgjenvinne tekstilar i stor skala. Målet bør derfor vere å sende mest mogleg tekstilar og sko til ombruk, men det viktigaste vi som forbrukarar gjer er å redusere forbruket.

– EU stiller klare krav til betre ressursutnytting, og vi må vere med på denne viktige dugnaden. Gjennom å samle inn tekstilar systematisk, legg vi til rette for at dei kan bli brukt på best mogleg måte – anten gjennom ombruk eller materialgjenvinning, legg han til.

Målet med regelendringa er å auke ombruk og gjenvinning av tekstilar og redusere miljøbelastninga, seier fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad.

Desse tekstilane skal leverast til gjenvinning

– Dersom tekstilane er reine og tørre, oppmodar vi til at dei blir levert til ombruk og materialgjenvinning via innsamlingsboksar som står på Midtstegen gjenbruksstasjon og på fleire av returpunkta våre, understrekar Elstad. Utslitne, holete og øydelagde tekstilar kan òg kastast i desse innsamlingsboksane.

Merk at tekstilar som er fuktige, skitne eller mugne, kastast i eigne behaldarar inne på Midtstegen gjenbruksstasjon. Her kan du òg kaste heilt utslitne sko som ikkje eignar seg for ombruk. I dag vil desse gå til forbrenning slik som restavfallet, men vi arbeidar med løysingar for at også delar av desse tekstilane skal gå til materialgjenvinning. Derfor oppmodar vi til å levere dei på gjenbruksstasjonen, sjølv om det ikkje er eit forbod mot å kaste dei i restavfallet.

No må vi få kontroll over mengdene med tekstil og så finne best mogleg løysingar for desse.

Stort steg for å redusere miljøbelastninga

– Tekstilindustrien er ein av verdas mest forureinande bransjar, og vi må alle bidra til å redusere avfallsmengda. Gjennom betre sortering kan vi sørgje for at ressursar blir utnytta betre, og at meir kan bli gjenvunne til nye produkt, seier Elstad. Sjølv om det ikkje finst gode teknologiske løysingar for berekraftig resirkulering av klesavfall i stor skala enno, er endringa viktig.

– Vi veit at det ikkje er ei perfekt løysing enno, men systematisk innsamling er eit stort steg i riktig retning. Dette gjer det mogleg å utvikle betre løysingar for resirkulering av tekstilar i framtida, seier Espen Elstad.

Det beste tiltaket for å redusere miljøbelastninga frå tekstilindustrien er framleis å kjøpe mindre klede. Det gjev ein større positiv miljøeffekt enn både ombruk og gjenvinning.