• Start |
  • Siste nytt |
  • Slik kastar du oska trygt

Slik kastar du oska trygt

Hugs å pakke inn avkjølt oske i ein pose og knyt godt igjen før du kastar ho i restavfallet.

Publisert: 02.12.2024

For renovatørane våre, som Eirin og kollegaene hennar, er det viktig at oska er pakka inn på ein trygg måte. Dersom ho ikkje er det, kan oska spreie seg, støve, skape søl og ende opp i fjeset til dei som handterer bosset.

Så hugs å gjere dette neste gong du tømmer peisomnen for oske:

  1. Legg oska i ei metall- eller sinkbøtte med lokk. La bøtta stå utandørs på eit ubrennbart underlag i minst 24 timar. Dette sikrar at eventuelle glør sloknar heilt.
  2. Når oska er heilt kald, pakk ho godt inn i ein pose og knyt godt igjen, for å hindre at ho spreier seg. Bruk to posar om nødvendig.
  3. Kast posen med oska i restavfallet.

Takk for at du viser omsyn og gjer kvardagen tryggare for både deg sjølv og dei som jobbar for å halde Øygarden rein og ryddig.