• Start |
  • Siste nytt |
  • Seier i Vannbransjeprisen …

Seier i Vannbransjeprisen 2020

ØyVAR sitt Storanipa avløpsrenseanlegg har vunne Vannbransjeprisen 2020 for sine innovative og samfunnsnyttige løysingar.

Publisert: 30.11.2020

Vannbransjeprisen blir delt ut på Vanndagene på Vestlandet ein gong i året. Prisen blir tildelt eit VA-tiltak innan vestlandsregionen som er sett i drift innan Vanndagene på Vestlandet blir halde.

Både utbyggingstiltak og fornyings-/rehabiliterings-/oppgraderingstiltak blir vurdert. Det er ikkje nødvendigvis storleiken eller kostnaden det kjem an på, men kriterium som:

  • Spesielle eigenskapar
  • Nybrottsarbeid eller innovative løysingar
  • Samfunnsnyttige prosjekt
  • VA-faglege utfordringar
  • Andre relevante faktorar

Ut frå avstemming blant deltakarane på Vanndagene blei årets pris tildelt Storanipa avløpsrenseanlegg. Dette i konkurranse med to andre finalistar: det nye vassbehandlingsanlegget til IVAR og ein reingjeringsrobot for vanntunneler.