• Start |
  • Siste nytt |
  • Søk midlar til å rydde i …

Søk midlar til å rydde i nærmiljøet

Idrettslag og foreiningar kan søke økonomisk støtte til frivillige ryddeaksjonar og få inntekter til klubbkassa.

Publisert: 21.03.2024

Handelens Miljøfond oppfordrar kvart år idrettslag og foreiningar til å bytte ut dugnadssalget av sokkar og produkt med ryddedugnader i sitt eige nærmiljø. Dette kan idrettslag eller foreiningar søke om opptil 500 kr per barn/ungdom i midlar til. Midlane kan gå mellom anna til mat til frivillige, symbolsk godtgjersle til skuleklassar, løn til dei som administrerer og koordinerer store aksjonar, og til transport.

I fjor delte Handelens Miljøfond ut 22 millionar kronar til 94 frivillige ryddeprosjekt. Forutan idrettslag og foreiningar, vart også mellom anna skuleklassar tildelt økonomisk støtte.

ØyVAR oppfordrar idrettslag og foreiningar i Øygarden til å bruke tilbodet og søke støtte til ryddeaksjonar i nærmiljøet.

Vil idrettslaget eller foreininga di søke støtte i år, må du sende inn ein søknad. Meir informasjon om korleis du søker finn du på Handelens Miljøfond sine nettsider.

Strandrydding