• Start |
  • Siste nytt |
  • Plastrydding hjelper

Plastrydding hjelper

Forskarar frå Norce har vist at plastrydding i strandsona reduserer nivået av mikroplast i sjøen.

Publisert: 05.09.2023

Søndag kom statsminister Jonas Gahr Støre på besøk til Øygarden og fekk høyre kva forskarar frå Norce kunne melde om ny kunnskap innan mikroplast i sjøen. Forskarane presenterte målingar av mikroplast i havet både før og etter plastrydding i strandsona, og det viser seg at det hjelper å få fjerna plast frå strendene og kysten. Nivået av mikroplast i sjøen minkar når strandrydding har vore gjennomført.

Plastrydding på Møvik kai
Statsministeren engasjerer seg i plastrydding