• Start |
  • Siste nytt |
  • Orientering om …

Orientering om gebyrpolitikk i samband med koronaviruset

Informasjon om gebyrpolitikk for vatn-, avløp- og renovasjontenester under koronatiltaka.

Publisert: 26.03.2020

Etter utbrotet av koronaviruset har vi fått førespurnader frå abonnentar som anten føreset eller krev at vatn-, avløp- og renovasjonsgebyra blir reduserte eller utgår for den tida styresmaktene opprettheld tiltak som reiserestriksjonar, forbod mot opphald i fritidsbustader i annan kommune enn heimkommunen, og liknande.

Det er vanskeleg å seie kva effekt koronatiltaka vil få på kommunen sine utgifter til levering av vatn-, avløp- og renovasjonstenester. Utgiftene kan bli både høgare og lågare. VAR-tenestene blir leverte til sjølvkost, noko som betyr at brukarane betaler det det kostar å levere tenesta som eit spleiselag. Dei vedtekne gebyra vil difor stå ved lag, sjølv om pandemien snur kvardagen vår på hovudet. Skulle kostnadane med å oppretthalde tenestene vise seg å bli reduserte som følge av tiltak frå styresmaktene, vil sjølvkostregelverket ivareta dette i form av lågare gebyr neste år – noko som vil kome alle til gode.

ØyVAR antar at det på kort sikt ikkje er grunnlag for store reduksjonar i kostnadene med å levere VAR-tenestene til abonnentane. Faktisk kan utgiftene auke som følge av endringar for å sikre tenestene. Difor er det ikkje grunnlag for reduksjon av dei vedtekne gebyra for 2020.

Noreg og resten av verda er i ein situasjon der hovudfokuset er å redusere smittespreiinga av koronaviruset. Dette er ein nasjonal dugnad der alle aktørar må bidra for å nå målet. Dette medfører ulemper, utgifter og/eller reduserte inntekter for mange. Det at fritidsbustader, utleige, hotell og næring ikkje kan nyttast som før, er ei slik ulempe. Det er ikkje VAR-tenestene som er årsaka til dette, og ØyVAR må oppretthalde og drifte tenestene som før. Difor er det ikkje naturleg at kommunen skal kompensere for desse ulempene.

For dei som ønskjer å redusere utgifter til VA-gebyr, rår ØyVAR til å installere vassmålar snarast. Dette kan særleg vere lønnsamt for bygg som står tomme i denne perioden.