• Start |
  • Siste nytt |
  • Ny app med tømmekalender …

Ny app med tømmekalender og informasjon

ØyVAR har lansert ein ny app, Min Renovasjon, for tømmekalender og informasjon om renovasjon i kommunen. Les om fordelane og korleis du lastar den ned.

Publisert: 03.09.2023

Ny app med tømmekalender og informasjon

For å gi deg som kunde eit betre verktøy, har ØyVAR valgt å skifte appen for tømmekalender og informasjon om renovasjon i kommunen. Den nye appen har fleire val og utviklingsmoglegheiter, og vi håper den vil bli eit betre verktøy for kommunikasjon med innbyggarane.

Den nye appen heiter Min Renovasjon og her får du ei rettleiing for nedlasting av ny app:

Slik gjer du det:

  1. Finn og last ned appen Min Renovasjon i App Store eller Google Play.
  2. Appen ser slik ut: 
  3. Gå inn i appen på mobilen din.
  4. Slett adressa som allereie er lagt inn. For iPhone: Trykk og hald på adressa. Dra mot venstre. For Android: Trykk og hald på adressa. Velg “Slett”.
  5. Velg “Legg til stad” eller trykk på +tegn i høgre hjørne.
  6. Velg kommune og adresse på nytt.
  7. Klikk på “Tømmekalender” og sett varsel.

Hentekalender med varsel

Hentekalenderen viser datoar for komande avfallstømmingar, og kva slags avfall som blir henta når. Det er også mogleg å aktivere varsling på eit ønska tidspunkt. Då gir telefonen din beskjed når det er på tide å setje fram dunken. Både appen og varslingane er heilt gratis.

Returpunkt og miljøstasjonar

Oversikta over returpunkt viser deg i kart kvar nærmaste returpunkt er, og kva du kan levere der. Du finn også ei oversikt over miljøstasjonane våre, med opningstider, kontaktinfo og plassering i kart.