Stortinget har vedteke at meirverdiavgifta på vatn-, avløps- og slamtenester skal reduserast frå 25 til 15 prosent. Dette blei gjort i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2025.
Planen var å iverksetje endringa frå 1. mai, men etter innspel frå høyringa blei reduksjonen utsett til 1. juli 2025 for å lette innføringa for kommunane.
Faktura med lågare moms frå juli
Det betyr at du får faktura med ny momssats på 15 prosent frå 1. juli 2025. Fakturaene for mai og juni blir sende ut med den noverande satsen på 25 prosent.
Har du vassmålar, blir det truleg ikkje krav om målaravlesing per 30. juni. Basert på høyringsnotatet legg vi førebels opp til ei forholdsmessig fordeling av høg og låg sats ved årsskiftet. Dette vil gjere det enklare både for deg som kunde og for oss, og vi unngår unødig ekstraarbeid.
Dei fleste sparer pengar
Bakgrunnen for at regjeringa ønskte å redusere meirverdiavgiftssatsen for vatn og avløp, var å bidra til å redusere levekostnadene for hushald som har opplevd redusert kjøpekraft på grunn av høg prisvekst og auka renter.
Lågare moms betyr sparte pengar for dei fleste. Ifølgje regjeringa kan eit hushald i ein bustad på 120 m² i snitt spare over 1000 kroner i året.