Det viktigaste vi gjer er å sikre at du får reint vatn i springen og at avløp og renovasjon fungerer som det skal. Vi har fokus på å halde vedlikehald på eit fornuftig nivå, noko som sikrar god kvalitet på dei samfunnskritiske tenestene vi leverer til innbyggarane i Øygarden kommune.
Sjå heile gebyrregulativet for 2025.
ØyVAR sine inntekter skal vere like store som utgiftene. Lova seier at gebyra skal prisast til sjølvkost, og for at vi skal vere i balanse også i 2025 må vi gjere nokre endringar på prisane.
For ei normalhushaldning vil gebyrendringa gje ei auke på 1,9 %
2024 | 2025 | Endring | ||
Vatn | 5 089,25 | 5 446,08 | 356,83 | 7,0 % |
Avløp | 9 239,16 | 8 584,24 | -654,92 | -7,1 % |
Renovasjon | 4 102 | 4 757 | 655 | 16,0 % |
SUM | 18 430,41 | 18 787,32 | 356,91 | 1,9 % |