• Start |
  • Siste nytt |
  • Ikkje kast matfeitt i do!

Ikkje kast matfeitt i do!

Du har sikkert stålkontroll på kor lenge pinnekjøtet skal kokast, eller korleis du får svoren på ribba sprø. Men veit du kva du skal gjere med matfeittet etter at julematen er ferdig?

Publisert: 20.12.2024

Julemat som pinnekjøt og ribbe gjev mykje god smak og glede i jula. Men ingen vil vel at den gode julestemninga skal bli snudd av tette røyr, høgare gebyr og rottebesøk? Difor er det viktig å handtere matfeitt og matolje på rett måte – og aldri skylje det ned i vasken eller i do. Når feittet stivnar i røyrsystemet, dannar det korkar som kan føre til tette røyr og i verste fall kloakkproblem heime hos deg eller naboen. Dette krev reparasjonar og kan føre til høgare gebyr. Og ikkje minst ubodne gjester – rottene elskar feittrestar i kloakken!

Slik tek du hand om feittet frå julematen:

  • Når steikefettet har kjølt seg ned og stivna, kan du enkelt tørke det ut med tørkepapir og kaste det i matavfallet.
  • Hell feitt som ikkje stivnar i ein tett emballasje, til dømes ein tom melkekartong, og kast det i restavfallet.

Hugs å ha feittvett: Berre tiss, bæsj og dopapir høyrer heime i do. Feitt, våtserviettar og anna avfall skal i bosset.