• Start |
  • Siste nytt |
  • Dette skal du gjere ved …

Dette skal du gjere ved varsel om kokevarsel

Les rettleiinga frå FHI og Mattilsynet om kva du skal gjere ved varsel om kokevarsel for å sikre trygt drikkevatn.

Publisert: 01.03.2021

Rettleiinga frå FHI og Mattilsynet

Du vil bli varsla dersom vassverket eller myndigheitene meiner at vasskvaliteten er usikker. Dette skjer om vassverket fryktar at vatnet kan innehalde helseskadelege mikroorganismar, og at vatnet derfor kan gi sjukdom.

Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet må fosskoke (sjå bilete). Ein vasskokar vil normalt bringe vatnet til fosskoking før den slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgeomn må ein forsikre seg om at vatnet fosskoker.

Etter at vatnet har fosskokt må det få tid til å avkjølast naturleg, utan tilsetjing av isbitar eller liknande (f.eks. nedkjøling i kjøleskap). Dersom vatnet er partikkelhaldig/grumsete og av estetiske grunnar ønskjast filtrert, må dette gjerast før koking, for å hindre at vatnet blir forureina på nytt.

Les alle retningslinjer ved kokevarsel her.