• Start |
  • Siste nytt |
  • Her kan du få gratis …

Her kan du få gratis skiutstyr til vinterferien

I brukthallen på Midtstegen gjenbruksstasjon kan du finne alt frå ski og skøyter til syklar – heilt gratis! Vi får jamt inn flott utstyr som kan få eit nytt liv hos deg og din familie.

Publisert: 17.02.2025

Midtstegen gjenbruksstasjon er ikkje berre staden for å levere avfall – det er også staden der du kan finne brukte skattar som kan få nytt liv. Stasjonsleiar på Midtstegen gjenbruksstasjon, Richard Saure, fortel at vi jamt og trutt får inn både ski, stavar, skøyter, akebrett og anna vintersportsutstyr i brukthallen.

– Her i brukthallen kan ein gjere seg nokre gode kupp. Til dømes kan ein finne seg ny-gamle ski til skituren. Her er det både ski, skisko og stavar, seier han og visar kva som er inne akkurat når vi er innom brukthallen.

– Det er klart at det er masse pengar å spare for dei som er lure, legg Saure til.

Utstyr for alle årstider

Dersom du alt har lagt vinteraktivitetane bak deg og heller vil gjere deg klar for våren, så har gjenbrukshallen òg eit breitt utval av syklar.

– Kvar einaste opningsdag kjem det inn syklar til oss. Det er både syklar til born og til vaksne, så her kan ein verkeleg spare nokre gode kroner, seier Saure. Og tilstanden på syklane er overraskande god.

– Nokre av dei er i tipp topp stand – fantastisk bra, faktisk! Medan andre vil ha små ting som må fiksast på. Men for dei som likar å mekke er det heilt topp.

Spar miljøet med ein tur til brukthallen

Han oppmodar fleire til å bruke brukthallen om det er noko du treng. Gjenbrukar du utstyr frå brukthallen framfor å kjøpe nytt, bidrar du til mindre avfall og betre ressursutnytting. Tek du med deg brukte ski, stavar eller syklar i staden for å kjøpe nytt, reduserer du ikkje berre avfallsmengda – du sparer òg miljøet for utslepp knytt til produksjon av nytt utstyr.

Utvalet i brukthallen vil variere og vi veit aldri på førehand kva som er inne. Men stikk du innom innimellom kan du gjere mange kupp. Her er nemleg alt gratis. Kanskje ventar neste vinter- eller våraktivitet på deg der!