• Start |
  • Siste nytt |
  • Heng returplastsekken på …

Heng returplastsekken på ein krok!

Gjer det enkelt å hengje returplastsekken på papirspannet med ein krok frå ØyVAR. Krokar blir delt ut på gjenbruksstasjonane frå februar.

Publisert: 15.02.2022

Heng returplastsekken på ein krok!

Vi har kjøpt inn krokar som gjer det enkelt å hengje returplastsekken på papirspannet.

Du slepp å knyte sekken fast til spannet. Berre knyt att sekken, og heng han på kroken. Fest kroken med ein strips på handtaket. Frå februar vil vi dele ut krokar på gjenbruksstasjonane.

HUGS:

Returplastsekkane skal berre nyttast til returplast som blir henta heime hos deg.

Ikkje bruk dei til levering av avfall på gjenbruksstasjonane. Til dette må ein kjøpe eigne gjennomsiktige sekkar.