Har du fyrverkeri som ikkje blei brukt eller som ikkje detonerte? Dette er farleg avfall som krev riktig handtering:
- Lever det tilbake til butikken der du kjøpte det, eller til eit anna utsal som sel fyrverkeri. Dei har plikt til å ta imot ubrukt fyrverkeri.
- Fyrverkeri skal aldri oppbevarast heime over tid, og det skal ikkje leverast på gjenbruksstasjonen, på grunn av brann- og eksplosjonsfare.
Dersom du finn udetonert fyrverkeri seinare på året, må det leverast til politiet. Dei kan sikre trygg handtering.
Brukt fyrverkeri kan kastast i restavfall
Brukt fyrverkeri, som tomme hylser og pinnar, kan kastast i restavfallet. Følg desse stega for å unngå farlege situasjonar:
- Sørg for at fyrverkeriet er heilt sløkt før du legg det i bosspannet.
- Dynk gjerne hylsene i vatn for å vere sikker på at det ikkje er glør igjen.
Er brannfarleg
Feil handtering av fyrverkeri kan føre til alvorlege ulukker, brannar og skade på miljøet. Ved å levere fyrverkeriet til rett stad bidreg du til tryggleik for deg sjølv og alle rundt deg.
Hugs også å sjekke nærområdet ditt for eventuelle restar etter nyttårsfeiringa, slik at du unngår at udetonerte rakettar eller brukte fyrverkerirestar ligg att i nærmiljøet og i naturen.
Takk for at du bidreg til eit trygt og reint Øygarden.