• Start |
  • Siste nytt |
  • Ha drikkevatn i …

Ha drikkevatn i eigenberedskap

Er du budd på å klare deg sjølv ei heil veke i ei krise? Dei oppdaterte eigenberedskapsråda tilrår at vi har 20 liter vatn per person tilgjengeleg.

Publisert: 28.10.2024

Denne veka starta Eigenberedskapsveka, som er den veka i året der Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap ber oss sjå over og fylle på beredskapslageret vårt heime. I vår vart eigenberedskapsråda oppdaterte. Den viktigaste endringa er at vi ikkje lenger vert oppmoda til å ha eit beredskapslager for å klare oss i tre dagar. No vert vi oppmoda til å ha eigenberedskap for ei heil veke. Det betyr mellom anna at vi bør ha 20 liter drikkevatn per person i husstanden tilgjengeleg.

Strømstans under ei krise

Verda vi lever i har blitt stadig meir uroleg, mellom anna på grunn av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerar som det skal i Øygarden og i Noreg, må vi vere budde på ekstremvêr, pandemi, ulukker, sabotasje og i verste fall krig. Forsvinn straumen under ei krise, kan vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, elbilladarar, betalingsløysingar, internett, mobiltelefonar, radio, kjøleskap og komfyr slutte å fungere.

Difor er dei nasjonale tilrådingane å ha eit eigenberedskapslager tilgjengeleg. Nok drikkevatn til heile familien er viktig. Du treng ikkje kjøpe vatnet. Har du heilt reine behaldarar, kan du fylle dei med vatn frå springen.

Reingjer vassbehaldarane

For å sikre best mogleg haldbarheit på vatnet ved langvarig lagring, tilrår DSB at du vaskar flaskene eller dunkane med oppvaskmiddel og vatn, og skyl dei. Deretter tilset du to korkar hushaldningsklorin per 10 liter vatn. Lat det stå i minst 30 minutt før du skyl godt.

Når du har reingjort flaskene eller dunkane, fyller du dei heilt fulle med vatn frå springen. Lat vatnet renna heilt til det er kaldt før du fyller på. Varmt vatn er ikkje tilrådd som drikkevatn, då varmt vatn frigjer metall frå røyrnettet.

Oppbevarer du vassdunkane eller flaskene mørkt og kjøleg, kan dei lagrast i årevis.

Sjekkliste for eigenberedskap

  • Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker.
  • Mat som toler lagring i romtemperatur.
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
  • Fyrstikker og stearinlys.
  • Ved dersom du har vedomn eller peis.
  • Gass- eller parafinomn som er berekna for innandørs bruk som eit alternativ til vedfyring.
  • Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
  • Jodtablettar (gjeld born og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
  • Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
  • Batteri og ladde batteribankar.
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.
  • Mat og vatn til kjæledyr.
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar.

Les meir om eigenberedskap her.

Direktoratet anbefaler å ha eit eigenberedskapslager for ei veke tilgjengeleg, mellom anna 20 liter vatn for kvar person i husstanden.
Foto: Ivar Kvaal/DSB