Du kan levere juletreet gratis på Midtstegen gjenbruksstasjon. Dette gjeld både i januar og resten av året, til liks med alt anna hageavfall du leverer på det sjølvbetente mottaket for hageavfall. Juletrea blir deretter omdanna til næringsrik kompost.
Juletre gjer jorda næringsrik
Når juletre blir kverna opp saman med anna hageavfall, blir dei til kompost som kan brukast i ulike jordprodukt. Komposten blir mellom anna brukt som jordforbetring i hagar, grøntområde og til planting i bed. Slik bidreg du til å skape næringsrik jord som igjen kan gje vekst til nye tre.
Hugs å ta av lysa, julepynten og juletrefoten før du kastar det i hageavfallet.
Plastjuletre
Har du eit juletre av plast som er øydelagt og ikkje kan brukast igjen? Desse har som oftast stammer og greiner av metall og skal då sorterast som metall på gjenbruksstasjonen. Dersom det heng elektrisk lys eller andre elektriske delar på, skal du derimot kaste det som elektronisk avfall. Er du i tvil om korleis ditt tre skal sorterast? Vi hjelper deg gjerne på gjenbruksstasjonen.
Kva gjer du med knuste julekuler?
Knuste du nokre julekuler då du rydda vekk juletreet, kaster du dei i restavfallet ditt.
Ved å handtere både naturlege og plastbaserte juletre på riktig måte, tek du ansvar for miljøet rundt deg.
Saman skapar vi ein grønare og reinare kommune!