• Start |
  • Siste nytt |
  • Dugnadspengar til …

Dugnadspengar til organisasjonar

Vi oppmodar lag og organisasjonar til å delta i det viktige arbeidet med å rydde plast.

Publisert: 23.09.2020

Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere litt!

ØyVAR samarbeider med BOF og andre renovasjonsselskap i kampen mot marin forsøpling med støtte frå Miljødirektoratet.

Vi oppmodar lag og organisasjonar til å delta i det viktige arbeidet. Dersom stranda de vel å rydde ligg eit stykke unna, kan vi i tillegg til dugnadspengar òg dekkje transportutgifter ved behov.

Send søknad om støtte

Send oss ein kortfatta søknad med ein plan for ryddearbeidet. Der skriv de litt om kva strand/område de vil rydde, kor ofte og kvar avfallet blir levert/sett.

Send søknaden til postboks@oyvar.no innan 1. oktober. Kvart lag kan få støtte opp til 15.000 kroner. Vi ønskjer helst at de gjennomfører meir enn éi ryddeaksjon, og støtta vil bli utbetalt etter siste dugnad. Hugs å registrere dugnaden i den nasjonale strandryddeportalen ryddenorge.no når søknaden er godkjend.

Elvar og vassdrag er òg ein del av strandryddeprosjektet.