Mange er usikre på kva som faktisk skal kastast i glas- og metallbehaldarane på returpunkta, men stasjonsleiar Richard Saure på Midtstegen gjenbruksstasjon veit råd. Hovudregelen er at berre glas- og metallemballasje, altså behaldarar som har vore mat, drikke eller andre husholdningsvarer i, skal kastast i glas- og metallemballasjekonteinaren. Feil sortering kan øydeleggje gjenvinningsprosessen.
Vinglas og speglar er døme på glas som ikkje høyrer heime i denne konteinaren.
– Det er ikkje for blomstervaser av glas og vinglas. Det må i restavfall fordi det er ein annan type glas som øydelegg for gjenvinningsprosessen, forklarer Richard.
Dette kan du kaste i glas- og metallbehaldaren:
- Glasflasker og glaskrukker utan kork og lokk
- Anna matemballasje av glass
- Hermetikkboksar
- Mjuke metallboksar
- Aluminiumsfolie og aluminiumformer
- Metallokk og metallkorkar
- Metalltubar, som kaviartubar (tømt for innhald)
- Drikkeboksar utan pant
- Telyskapslar
- Dette kan du ikkje kaste i glas- og metallbehaldaren:
- Porselen, keramikk og krystall
- Vin- og andre drikkeglas
- Vaser
- Spegel og vindaugsglas
- Eldfaste former/omnsglas
- Lyspærer og batteri
- Målingsspann og sprayboksar
- Store metallgjenstandar som ikkje er emballasje. Til dømes klesstativ, kjetting, vaier, stenger og røyr, bildelar, steikepanner/kasserollar osv.
- Småting av metall som ikkje er emballasje. Til dømes bestikk, mutrar, skruar, spikarar osv.
Kvifor er det viktig å kjeldesortere glas og metall?
Glas og metall er verdifulle råmateriale som kan gjenvinnast i det uendelege utan å mista kvalitet. Når du kjeldesorterer riktig, bidreg du til å redusere behovet for å utvinne nye ressursar, noko som sparer både energi og miljø.
Glas som blir gjenvunne, kan nyttast til å lage ny emballasje eller byggematerialet Glasopor. Gjenvunne metallprodukt, som hermetikkboksar og aluminiumsformer, kan smeltast om og brukast i nye produkt som syklar, bildelar, elektronikk og verktøy.
Gjenvinning av metall sparar opptil 95 prosent av energien som elles ville vore brukt på å produsere nytt metall frå råmateriale, ifølgje Norsk Gjenvinning. Samtidig bidreg gjenvinning av glas til lågare CO₂-utslepp og mindre bruk av sand, ein ressurs det er veksande global mangel på.
Ved å kjeldesortere glas og metall bidreg du til betre ressursutnytting og ein meir berekraftig framtid.