• Start |
  • Siste nytt |
  • Dette kan du kaste i …

Dette kan du kaste i glas- og metallkonteinaren

Det er ikkje alle knuselege produkt som kan gjenvinnast. Her får du vite kva du kan kaste i glas- og metallkonteinaren på returpunkta våre.

Publisert: 01.08.2024

Av glasprodukt kan du kaste emballasje av glas det har vore mat, drikke eller andre hushaldningsvarer i. Før du kastar glasemballasjen, må den reingjerast slik at den er heilt tom for restar.

Knuselege produkt av glas, steintøy, porselen og keramikk, som er øydelagd, skal kastast i restavfall. Årsaka er at desse har ein annan samansetning enn glasemballasje og kan øydelegge for gjenvinninga. Brukbare produkt av glas, porselen og keramikk kan du gje vekk, selje eller levere inn til brukthallen på gjenbruksstasjonen på Midtstegen, slik at andre kan få glede av dei.

Kva kan du kaste i glas- og metallkonteinaren?

Av metall kan du kaste følgjande i glas- og metallkonteinaren:

  • Hermetikkboksar
  • Mjuke metallboksar
  • Aluminiumsfolie
  • Øl- og mineralvatnboksar
  • Metallokk/metallkorkar
  • Metalltubar
  • Telyskapslar