Øydelagde og slitte tekstilar skal innleverast til gjenvinning
Utslitne og holete tøy skal ikkje lenger kastast i …
ØyVAR startar datamerking av bosspann for å gjere avfallshandteringa meir fleksibel og effektiv for abonnentane.
Formålet er å gjere innsamlinga av restavfall, matavfall og papir meir fleksibel for deg som kunde.
Målsetjinga er å auke servicegraden. Vi har også stort fokus på å effektivisere våre eigne rutinar.
Ein start på dette arbeidet er å merka alle bosspanna i kommunen med ei databrikke og adresseetikettar.
Merkinga av bosspanna tek til no i juni 2020. I nokre månader framover vil personell frå ØyVAR merka alle bosspann med ei databrikke frå Toft og nordover. Dette gjeld både spann for restavfall, matavfall og papir.
Når de får SMS-melding frå ØyVAR om merking i ditt område, er det viktig at spann står plassert på eigedomen att ved huset.