Øydelagde og slitte tekstilar skal innleverast til gjenvinning
Utslitne og holete tøy skal ikkje lenger kastast i …
Den nasjonale strandryddedagen 6. mai er ein årleg aksjonsdag for å bekjempe marin forsøpling, lansert av Hold Norge Rent og gjennomført lokalt.
6. mai er den nasjonale strandryddedagen. Dette er ein årleg aksjonsdag, lansert av Hold Norge Rent, men som blir gjennomført lokalt.
Det har vore eit stort fokus på marin forsøpling denne vinteren, både i vår region og nasjonalt. Me håpar engasjementet varer og gir synlege resultat på Strandryddedagen.
I fjor registrerte FjellVAR om lag 30 aksjonar. Sjølv om mange allereie har deltatt i ulike ryddeaksjonar, er det eit mål å registrere enda fleire aksjonar i år enn i fjor.
Det er mange som gjer ein stor innsats for strandrydding, inkludert enkeltpersonar, organisasjonar og næringslivsaktørar som oppdrettsnæringa. Ta gjerne kontakt med FjellVAR, Norsk Gjenvinning, eller Bergen og omland friluftsråd for spørsmål.