• Start |
  • Siste nytt |
  • 800 prøvar: Alle viste …

800 prøvar: Alle viste god kvalitet på vatnet

I fjor tok ØyVAR om lag 800 vassprøvar av drikkevatnet i Øygarden. Ingen av prøvene viste spor av E. colibakteriar. Den gode vasskvaliteten er resultat av systematisk arbeid kvar einaste dag.

Publisert: 19.03.2025

Søndag 30. mars markerer vi Verdas vassdag, ein dag som set søkelys på kor viktig tilgang til reint vatn er. I Øygarden har innbyggarane trygt drikkevatn kvar dag, men dette kjem ikkje av seg sjølv. Det krev systematisk arbeid og kontinuerleg overvaking.

Målretta arbeid for framtidas vassforsyning

I 2024 gjennomførte ØyVAR omfattande testing og vedlikehald av vassforsyninga i Øygarden, noko som sikrar trygt og reint vatn til alle innbyggjarane. Vi har tilsette som overvaker vassforsyninga døgnet rundt og som tek prøvar av vatnet kvar veke.

Ingen av dei 800 vassprøvane vi tok i 2024 inneheldt tarmbakterien E. coli, som kan gje diaré om den kjem i vatnet vi drikk. Av dei totalt 38 kokevarslane vi sende til abonnentane våre i fjor, var alle berre føre-var-varsel. Desse vart sende ut som eit føre-var-tiltak ved vedlikehaldsarbeid på vassleidningar, der det var risiko for at vatnet kunne bli påverka.

Kontinuerleg innsats for trygt drikkevatn

ØyVAR tek arbeidet med å sikre ein stabil og trygg vassforsyning på største alvor og jobbar kontinuerleg for å oppretthalde høg kvalitet på drikkevatnet i kommunen. Gjennom nøye testing, vedlikehald og utvikling av infrastruktur sikrar vi at innbyggarane alltid har tilgang til reint vatn.

For å oppretthalde denne høge standarden har ØyVAR sidan 2010 arbeidd systematisk med å redusere lekkasjar i vassnettet. Gjennom montering av vassmålarar og trykkreduksjonsventilar har vi oppnådd gode resultat og held lekkasjegraden låg. Dette arbeidet gjer at vi i ØyVAR ligg godt an til å nå dei nasjonale måla om å redusere lekkasjegraden til 25 prosent innan 2033.